SOMMARSLEPP- utekonsert med Sigrid Felde, Selvik og Mute Mode

Arrangementsinformasjon

Vi er alle superklare til å komme oss ut no, men vi legg berre ut 100 billettar no! Det er duka 12.juni til å bli ein kveld de seint vil gløyme! Det blir rigga scene, lyd og lys i den splitter nye gågata Melkeveien i Dale sentrum. Fabel står for serveringDenne kvelden står det tre spennande artistar med band på scena. Alle desse tre held på å gje ut ny eigenprodusert musikk no. Her er presentasjon av dei som skal spele 

Sigrid Felde er ein ny ung artist som nettopp har gitt sin første singel. Den har blitt godt mottatt og har blitt spelt på norsk radio i beste sendetid. Fram til konserten slepp ho to singlar til, så følg med. Med i bandet denne kvelden er Kåre Sandvik, Richard Herland og Mats Systaddal.   

SELVIK: Den lokale musikaren og låtskrivaren Selvik spelar alternativ viserock med tekstar på nynorsk. I 2019 kom debutalbumet "Amerika", og vart med dette nominert til Luttprisen for 2019. Hausten 2021 kjem SELVIK med ny plate og fram til den tid slepp han singlar frå skiva. Med i bandet denne kvelden er Øyvind Selvik, Frida Leknes og Richard Herland.  

MUTE MODE forvandlar seg somme tider til Dales svar på Kraftwerk. Deira spesialitet er leiken elektroimporvisasjon, og med kule scenebilder, lys og video. 14. Mai kjem også Mute Mode`s første singel ut og fleire skal det bli!   

Steinar Skadal har ei stødig hand på lyd og lys!   

 

 

#musikk
#utekonsert
#sigridfelde
#selvik
#mutemode

Restriksjoner

Dei under 18 år må ha med følge som er over 18 år.

Ansvarsfraskrivelse

Billetter blir refunderte om konserten blir avlyst. Alle må forhalde seg til dei gjeldane smittevernsreglane.
OBS: Oppmodar om at besøkjande frå kommunar med høgt smittenivå ikkje kjem på arrangementet